Trond Remme sin blogg

desember 13, 2010

Krypter hardisken din

Arkivert under: PPU — trond remme @ 10:17 am

I win7 premium er det ikkje lagt til rette fo kryptering av datamaskinen. Me hjelp av truecrypt – krypteringsprogram får ein kryptert alle filene på pcèn din. Truecrypt verkar slik at du må skriva inn eit passord før du loggar på windows. Dette passordet må du ikkje gløyma.

Meir om dette finn du på dinside.no

Truecrypt

Truecrypt

november 12, 2010

IT nyhende veke 45

Arkivert under: PPU — trond remme @ 8:10 am

it_nyhene_veke_45

november 9, 2010

Auka hastigheit på di bærbare datamaskin

Arkivert under: IKT servicefag — trond remme @ 8:13 am

Dobbelt så rask maskin
Med Intel X-25M som systemdisk fikk vi ikke overraskende nesten dobbelt så rask maskin i gjennomsnitt, og over seks ganger så rask diskytelse. PCMark Vantage tester med å kjøre vanlige brukerprogrammer og oppgaver, både enkeltvis og samtidig, på samme måte som en krevende databruker.
<a href="“>Dinside.no/data

mai 6, 2010

Mobilt breidband i lomma

Arkivert under: PPU — trond remme @ 5:59 am

I fylgje Dagens IT

Mobilt lomme bredbånd

Mobilt lomme bredbånd

sin artikkel skriven av Kurt Lekanger kan ein no ha med seg breidband i lomma.
Mobilt bredbånd kan gi deg internett nesten overalt, og de siste årene har det blitt mye raskere, billigere og enklere. Men det kan bli enda enklere, kjappere og mer elegant – hvis du investerer i en lommeruter.

Kva vil dette å sei for eksamen der ein ikkje får ha hjelpemiddel? Skal ei sjekka lommene til studentane? Eg trur at me snart på ta rev i segla og tillata alle hjelpemiddel. Så må me vera betre på å laga oppgåver som er tilpassa dei nye media

oktober 26, 2009

Del og bruk – ning – eit bra forum for komande og eksisterande lærarar

Arkivert under: PPU — trond remme @ 12:05 pm

I samfunnet http://delogbruk.ning.com/ er laga etter mottoet Del det du har, bruk det du får. Her er det grupper innan dei fleste fag. Det er forum, blog. wiki m.m. samla i eit verktøy. Så er det mange svært kompetente lærarar og andre som deler av sin kunnskap om dei emna dei anten underviser i eller har spesiell interesse for.

juni 18, 2009

Tilleggspoeng for pugg – Høgre sitt siste utspel

Arkivert under: PPU — trond remme @ 8:02 am

Erna Solberg

Erna Solberg

No er Høgre i gang. Dei ynskjer å gje ekstrapoeng til dei som vel 2. framandspråk som fordjupningsfag. I fylgje Dagens Næringsliv er dette måten å reformere einskapsskulen.
Eg meiner at dette er ikkje vegen å gå. Me treng ikkje differensiering av dette slaget. Me treng lærarar som bryr seg, som har fagleg høg kompetanse og som er motiverte og ynskjer å gjere ein så god jobb som råd. For å få dette til skal lærarane ha:

  • Tilbod om etter og vidareutdanning
  • Høg nok løn
  • Aktive foreldre og føresette
  • Gode arbeidsvilkår
  • Respekt for det arbeidet dei gjer
  • Laga langsiktige planar – lat kunnskapsløftet liggja i 8-12 år
  • Dette er noko av det som kan forbetra skulen i dag. Me har ein bra skule, men den skal heile tida vera i endring i høve det samfunnet me lever i. Eg meiner det ikkje er rom for segregering i heilskapsskulen som eg meiner er eit gode for elevane. Dei fagleg dyktige kan og skal ha rom til å utvikla seg, men det er heilskapen me må ta vare på. I fylgje eit av formåla i opplæringlova skal ein (sitat) Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. . Dette gjer ein i lagspelet der alle, eller i alle fall så mange som råd er involvert.

    april 18, 2009

    Skal elevar i ungdomsskulen ha lekser?

    Arkivert under: PPU — trond remme @ 7:53 am

    Eg meiner at elevar i ungdomsskulen treng lekser, men det bør tilretteleggast slik at belastninga på den einskilde ikkje vert for stor.  Det er ikkje alt ein får gjort i skuletida, og eigenstudering er ein viktig eigenskap å tileigna seg.  Lekser er ein måte føresette og foreldre kan arbeida saman om skulearbeidet. Øving gjer meister. Opplæring og meistring er viktig.

    Praksisperiode er over

    Arkivert under: PPU — trond remme @ 7:29 am

    No er 6 veker med praksis i ungdomsskulen over. Ei utruleg lærerik tid som gav meg mange utfordringar. Eg hadde bestemt meg for å arbeida digitalt, og det vart ein utfordring då tettleiken av datamaskiner ikkje var alt for stor, men det gjekk greit. Eg hadde øvingslærarar som gav meg utfordringar både fagleg og i arbeidet med ungdomen.  Det var interessant å sjå kva klare målsetjingar og vurderingsmal gjorde med arbeidet i klassane. Frå å vera litt uklår i starten vart det ein annan “puls” med klarare rettlingsliner. Eg frigjorde mykje arbeid med forklaringar til meir å kunna rettleia grupper og einskildstudentar. Øvingslærarane vart og dregne inn på ein heilt annan måte.

    Eg nyttar klasseomgrepet, grupper verkar unaturleg.

    Sosialt sett var det utfordringar kvar dag. Med gruppearbeid vart fridomen større og det vart meir opp til elevane å definera bruken av tida. Eg opplevde det som lærerikt, og ser i ettertid at det er viktig å definera kor mykje tid ein skal ha på dei ulike bolkane. Forl lange prosjekt kan føra til iver i starten, ein down på midten og “panikk” og pussing på slutten. Med fleire slike opplegg vil elevane kunna verta betre i å disponera tida på ein betre måte. I slutten av det siste prosektet laga me “kinoframsyning” og alle gruppene presenterte landa dei hadde fått utdelt. 3 timar pr. klasse, og me hadde ei hugnadsstund. Elevane var godt førebudde og det var kjekt å sjå kor dei hadde løyst oppgåva. Med “laboratorie” prosessen fekk eg koma inn på elevane på ein annan måte og kunna vera i deirekte dialog med dei heile tida. Det var enklare å rettleia og sjå den einskilde eleven og verta betre kjend med dei. Eg tenkjer dette kan ein gjera i oppstarten av nytt skuleår for å koma meir inn på elevane.

    Eg skulle kanskje arbeidd meir med det sosiale. Det er viktig å røkta det sosiale miljøet i klassane. Eg såg at då det kom ein ny elev i ein av klassane, skulle me hatt eit opplegg for inkludering og integrasjon av vedkomande som var betre enn det me hadde. Eg var kanskje for oppteken av dei planane me hadde, men av og til stogga opp, ta ein tur ut, syngja eller gjera “ikkje faglege” er lure ting å gjera.

    Tida var fantastisk og eg vaks i lærarolla. No føler eg meg meir klar for nye utfordringar i skulen og gler meg til praksis til neste år.

    februar 16, 2009

    Det er læraren som tel!

    Arkivert under: PPU — trond remme @ 12:13 pm

    I fylgje verdas største undersøking om læring – artikkel i BT 16.02.2009 – Undervisningens hellige gral, er konklusjonen  – Det mangler ikke på forklaringer om hva som er viktigst for god undervisning. Meningene er mange og forslagene kommer tett som hagl. Det meste er feil, skal vi tro professor John Hattie ved Universitetet i Auckland på New Zealand. Men Malin Tveit Husefest har helt rett.

    I et gigantisk forskningsprosjekt peker John Hattie ut samspillet mellom elev og lærer som den desidert viktigste faktoren for læring. Skolepolitiske kjepphester fra høyre og venstre, som gruppestørrelser, skolemat, lekser, tester eller eliteklasser tillegger John Hattie minimal læringseffekt

    Konklusjonen er at det som har mest innverknad på elevane si læring er læraren si evne til å fremje elevane sin kommunikasjon, samarbeid mellom lærar og elev samt eleven si sjølvevaluering.  Det er viktig at eleven veit kva dei kan og kva dei ikkje kan. Dette bør dei formidla til læraren, noko som krev tillit og tryggleik – seier undersøkinga.

    Andre punktet er at læraren ikkje gjer arbeidet lett, men vanskelig for eleven. Dei skal ha noko å strekkje seg etter. Dei skal vita kva som er forventa av dei slik at dei kan heva seg til eit høgare nivå.

     

    Eg ser i mi undervisning i praksisperiode at dette er moment som er viktige. Eg må kjenna elevane, snakka direkte til ei, få tilbakemelding og ta fatt i situasjonar som er ugreie for å rydda opp i det.

    Elevane har prosjektarbeid  om anten Voss før og no eller Bergensbanen. I dette prosjektet har eg  freista å vera klar på mål, kva forventar eg av slutt-resultatet til gruppene, men eg har ikkje hatt mål for prosessen. Dette hadde kanskje teke gruppearbeidet over i nye dimensjonar?? Kanskje. Me diskuterte det, men kom til at det kunne ta for lang tid. Til ei anna gong hadde det vore artig å freista.

    Eg her heldig som har øvingslærar som let meg diskutere vegen vidare, gjev meg tilbakemelding på om eg er tydeleg nok i høve kva som skjer og skal skje. Og ein ting eg definitivt har lært er at målet må gjentakast heile tida for at dei skal få det med seg. Her kan eg hjelpa dei ytterlegare.

    I dag kom me til at elevane skulle evaluere gruppearbeidet med å skriva ein logg frå det som dei har vore med på. Det er bra. Kanskje skulle dette vore klarlagd tidlegare slik at dei i prosessen tenkte på at det skulle skje, men kanskje det og er greit at dei har ein ting å forhalda seg til i denne omgang og at melding om evaluering kjem i ettertid. Det gjenstår å sjå av resultatet korleis elevane har evlauert dette.

    Eg ser at elevane har lært samarbeid, lært mykje om Voss, lært av kvarandre, lært av foreldra, lært å skriva, lært å formidla og eg har kunna vorten betre kjend med dei på ein heilt annan måte enn om det kun hadde vore klasseromsundervisning.

    Eg trur at læraren tel og det er viktig å visa engasjement og interessa for det ein driv på med, både fagleg og sosialt. Men eg trur det er viktig med prøvar som evaluering og sjølvevaluering slik at ein får ein betre oversikt på kva ein kan og ikkje. Det er engasjementet rundt eleven som tel, det er eg einig i, det trengs ikkje mykje utstyr, men omtanke og at ein er synleg og tilgjengeleg som lærar.

    februar 12, 2009

    Halve del av fyrste praksisperiode er over

    Arkivert under: E-læring, PPU — trond remme @ 9:20 am

    Nu går alt så mykje betre. Eg har fått justert meg i høve tempo med timar og friminutt og alle detaljar rundt bestilling av utstyr, tilrettelegging og anna er på plass. Eg har gjennomført eit prosjekt med at elevane skal laga quiz med eit verkty – www.mystudiyo.com – der elevane er definert i grupper og dei skulle laga 3 spørsmål kvar frå pensum. Dei skulle og finna bilete som illustrerte spørsmåla dei har laga.

    Eg har nytta meg av den didaktiske relasjonsmodellen for gjenomføring av timane og det fungerar bra. Det gjer arbeidet lettare med omsyn til alle dei einskildfaktorane som skal på plass for å få til god læring.

    Dei største utfordringane er teknikk med omsyn til bruk av IKT som eg gjer mykje av i undervisninga.  Når me skulle prøva kvarandre sine quizar verka ikkje nettsidene, men eg hadde litt i bakhand og timen gjekk nokolunde. Då hadde me god læring om teknikk som ikkje fungerte.

    Eldre innlegg »

    Tema: Silver is the New Black. Blogg på WordPress.com.

    Følg

    Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.