Trond Remme sin blogg

februar 16, 2009

Det er læraren som tel!

Arkivert under: PPU — trond remme @ 12:13 pm

I fylgje verdas største undersøking om læring – artikkel i BT 16.02.2009 – Undervisningens hellige gral, er konklusjonen  – Det mangler ikke på forklaringer om hva som er viktigst for god undervisning. Meningene er mange og forslagene kommer tett som hagl. Det meste er feil, skal vi tro professor John Hattie ved Universitetet i Auckland på New Zealand. Men Malin Tveit Husefest har helt rett.

I et gigantisk forskningsprosjekt peker John Hattie ut samspillet mellom elev og lærer som den desidert viktigste faktoren for læring. Skolepolitiske kjepphester fra høyre og venstre, som gruppestørrelser, skolemat, lekser, tester eller eliteklasser tillegger John Hattie minimal læringseffekt

Konklusjonen er at det som har mest innverknad på elevane si læring er læraren si evne til å fremje elevane sin kommunikasjon, samarbeid mellom lærar og elev samt eleven si sjølvevaluering.  Det er viktig at eleven veit kva dei kan og kva dei ikkje kan. Dette bør dei formidla til læraren, noko som krev tillit og tryggleik – seier undersøkinga.

Andre punktet er at læraren ikkje gjer arbeidet lett, men vanskelig for eleven. Dei skal ha noko å strekkje seg etter. Dei skal vita kva som er forventa av dei slik at dei kan heva seg til eit høgare nivå.

 

Eg ser i mi undervisning i praksisperiode at dette er moment som er viktige. Eg må kjenna elevane, snakka direkte til ei, få tilbakemelding og ta fatt i situasjonar som er ugreie for å rydda opp i det.

Elevane har prosjektarbeid  om anten Voss før og no eller Bergensbanen. I dette prosjektet har eg  freista å vera klar på mål, kva forventar eg av slutt-resultatet til gruppene, men eg har ikkje hatt mål for prosessen. Dette hadde kanskje teke gruppearbeidet over i nye dimensjonar?? Kanskje. Me diskuterte det, men kom til at det kunne ta for lang tid. Til ei anna gong hadde det vore artig å freista.

Eg her heldig som har øvingslærar som let meg diskutere vegen vidare, gjev meg tilbakemelding på om eg er tydeleg nok i høve kva som skjer og skal skje. Og ein ting eg definitivt har lært er at målet må gjentakast heile tida for at dei skal få det med seg. Her kan eg hjelpa dei ytterlegare.

I dag kom me til at elevane skulle evaluere gruppearbeidet med å skriva ein logg frå det som dei har vore med på. Det er bra. Kanskje skulle dette vore klarlagd tidlegare slik at dei i prosessen tenkte på at det skulle skje, men kanskje det og er greit at dei har ein ting å forhalda seg til i denne omgang og at melding om evaluering kjem i ettertid. Det gjenstår å sjå av resultatet korleis elevane har evlauert dette.

Eg ser at elevane har lært samarbeid, lært mykje om Voss, lært av kvarandre, lært av foreldra, lært å skriva, lært å formidla og eg har kunna vorten betre kjend med dei på ein heilt annan måte enn om det kun hadde vore klasseromsundervisning.

Eg trur at læraren tel og det er viktig å visa engasjement og interessa for det ein driv på med, både fagleg og sosialt. Men eg trur det er viktig med prøvar som evaluering og sjølvevaluering slik at ein får ein betre oversikt på kva ein kan og ikkje. Det er engasjementet rundt eleven som tel, det er eg einig i, det trengs ikkje mykje utstyr, men omtanke og at ein er synleg og tilgjengeleg som lærar.

februar 12, 2009

Halve del av fyrste praksisperiode er over

Arkivert under: E-læring, PPU — trond remme @ 9:20 am

Nu går alt så mykje betre. Eg har fått justert meg i høve tempo med timar og friminutt og alle detaljar rundt bestilling av utstyr, tilrettelegging og anna er på plass. Eg har gjennomført eit prosjekt med at elevane skal laga quiz med eit verkty – www.mystudiyo.com – der elevane er definert i grupper og dei skulle laga 3 spørsmål kvar frå pensum. Dei skulle og finna bilete som illustrerte spørsmåla dei har laga.

Eg har nytta meg av den didaktiske relasjonsmodellen for gjenomføring av timane og det fungerar bra. Det gjer arbeidet lettare med omsyn til alle dei einskildfaktorane som skal på plass for å få til god læring.

Dei største utfordringane er teknikk med omsyn til bruk av IKT som eg gjer mykje av i undervisninga.  Når me skulle prøva kvarandre sine quizar verka ikkje nettsidene, men eg hadde litt i bakhand og timen gjekk nokolunde. Då hadde me god læring om teknikk som ikkje fungerte.

Fyrste dagen i praksis er snart over

Arkivert under: PPU — trond remme @ 9:09 am

Praksis er i gang og eg er i god “drive” med historieundervisning i 8. klasse. Det er spanande å vera i praksis, og det er bra å ha ein øvingslærar å kvila seg på med omsyn til diskusjonar rundt opplegg og bruk av timar. Eg kasta meg rett ut i det, og ser at det er mykje førebuing, tilrettelegging og tankearbeid. Læreverket vårt er Underveis – laga av Gyldendal, som er eit bra læreverk med nett nok tekst, gode illustrasjonar og små tilleggssnuttar som er flotte å nytta.

Erfaringa etter 1 dag er – eg jabbar for mykje, let ikkje elevane få ro til ettertanke og kommentera det stoffet eg har vore gjennom. Norsk hstorie 1807-1814 er ikkje enkelt, mange detaljar. Kor mange av desse detaljane skal elevane kunna? Korleis legg eg fram stoffet? 

Stressnivået er høgt både på det falgege og sosiale i høve å kunna det eg skal, samt å takla situasjonar som oppstår i klassen mellom elevane.

Det er moro og eg får mykje energi med å vera i kontakt og dialog med elevane og øvingslærar. 

  • har dei skjønt pensum?
  • evaluering av stoffet som er gjennomgått
  • mykje å setje seg inn i av administrative saker – praktiske ordningar, timeplan, reservering av ressursar m.m.
  • kor tidleg skal eg vere ute med neste vekeplan
  • fungerer undervisninga sånn nokolune

Tema: Silver is the New Black. Blogg på WordPress.com.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.