Trond Remme sin blogg

april 18, 2009

Praksisperiode er over

Arkivert under: PPU — trond remme @ 7:29 am

No er 6 veker med praksis i ungdomsskulen over. Ei utruleg lærerik tid som gav meg mange utfordringar. Eg hadde bestemt meg for å arbeida digitalt, og det vart ein utfordring då tettleiken av datamaskiner ikkje var alt for stor, men det gjekk greit. Eg hadde øvingslærarar som gav meg utfordringar både fagleg og i arbeidet med ungdomen.  Det var interessant å sjå kva klare målsetjingar og vurderingsmal gjorde med arbeidet i klassane. Frå å vera litt uklår i starten vart det ein annan “puls” med klarare rettlingsliner. Eg frigjorde mykje arbeid med forklaringar til meir å kunna rettleia grupper og einskildstudentar. Øvingslærarane vart og dregne inn på ein heilt annan måte.

Eg nyttar klasseomgrepet, grupper verkar unaturleg.

Sosialt sett var det utfordringar kvar dag. Med gruppearbeid vart fridomen større og det vart meir opp til elevane å definera bruken av tida. Eg opplevde det som lærerikt, og ser i ettertid at det er viktig å definera kor mykje tid ein skal ha på dei ulike bolkane. Forl lange prosjekt kan føra til iver i starten, ein down på midten og “panikk” og pussing på slutten. Med fleire slike opplegg vil elevane kunna verta betre i å disponera tida på ein betre måte. I slutten av det siste prosektet laga me “kinoframsyning” og alle gruppene presenterte landa dei hadde fått utdelt. 3 timar pr. klasse, og me hadde ei hugnadsstund. Elevane var godt førebudde og det var kjekt å sjå kor dei hadde løyst oppgåva. Med “laboratorie” prosessen fekk eg koma inn på elevane på ein annan måte og kunna vera i deirekte dialog med dei heile tida. Det var enklare å rettleia og sjå den einskilde eleven og verta betre kjend med dei. Eg tenkjer dette kan ein gjera i oppstarten av nytt skuleår for å koma meir inn på elevane.

Eg skulle kanskje arbeidd meir med det sosiale. Det er viktig å røkta det sosiale miljøet i klassane. Eg såg at då det kom ein ny elev i ein av klassane, skulle me hatt eit opplegg for inkludering og integrasjon av vedkomande som var betre enn det me hadde. Eg var kanskje for oppteken av dei planane me hadde, men av og til stogga opp, ta ein tur ut, syngja eller gjera “ikkje faglege” er lure ting å gjera.

Tida var fantastisk og eg vaks i lærarolla. No føler eg meg meir klar for nye utfordringar i skulen og gler meg til praksis til neste år.

Kommenter innlegget »

Ingen kommentarar enno.

RSS-kjelde for kommentarar om dette innlegget. TilbakeSporings-URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Tema: Silver is the New Black. Blogg på WordPress.com.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.