Trond Remme sin blogg

juni 18, 2009

Tilleggspoeng for pugg – Høgre sitt siste utspel

Arkivert under: PPU — trond remme @ 8:02 am

Erna Solberg

Erna Solberg

No er Høgre i gang. Dei ynskjer å gje ekstrapoeng til dei som vel 2. framandspråk som fordjupningsfag. I fylgje Dagens Næringsliv er dette måten å reformere einskapsskulen.
Eg meiner at dette er ikkje vegen å gå. Me treng ikkje differensiering av dette slaget. Me treng lærarar som bryr seg, som har fagleg høg kompetanse og som er motiverte og ynskjer å gjere ein så god jobb som råd. For å få dette til skal lærarane ha:

  • Tilbod om etter og vidareutdanning
  • Høg nok løn
  • Aktive foreldre og føresette
  • Gode arbeidsvilkår
  • Respekt for det arbeidet dei gjer
  • Laga langsiktige planar – lat kunnskapsløftet liggja i 8-12 år
  • Dette er noko av det som kan forbetra skulen i dag. Me har ein bra skule, men den skal heile tida vera i endring i høve det samfunnet me lever i. Eg meiner det ikkje er rom for segregering i heilskapsskulen som eg meiner er eit gode for elevane. Dei fagleg dyktige kan og skal ha rom til å utvikla seg, men det er heilskapen me må ta vare på. I fylgje eit av formåla i opplæringlova skal ein (sitat) Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. . Dette gjer ein i lagspelet der alle, eller i alle fall så mange som råd er involvert.

    Kommenter innlegget »

    Ingen kommentarar enno.

    RSS-kjelde for kommentarar om dette innlegget. TilbakeSporings-URI

    Legg att eit svar

    Fill in your details below or click an icon to log in:

    WordPress.com logo

    Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

    Twitter picture

    Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

    Facebook-foto

    Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

    Koplar til %s

    Tema: Silver is the New Black. Blogg på WordPress.com.

    Følg

    Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.