Trond Remme sin blogg

april 18, 2009

Praksisperiode er over

Arkivert under: PPU — trond remme @ 7:29 am

No er 6 veker med praksis i ungdomsskulen over. Ei utruleg lærerik tid som gav meg mange utfordringar. Eg hadde bestemt meg for å arbeida digitalt, og det vart ein utfordring då tettleiken av datamaskiner ikkje var alt for stor, men det gjekk greit. Eg hadde øvingslærarar som gav meg utfordringar både fagleg og i arbeidet med ungdomen.  Det var interessant å sjå kva klare målsetjingar og vurderingsmal gjorde med arbeidet i klassane. Frå å vera litt uklår i starten vart det ein annan “puls” med klarare rettlingsliner. Eg frigjorde mykje arbeid med forklaringar til meir å kunna rettleia grupper og einskildstudentar. Øvingslærarane vart og dregne inn på ein heilt annan måte.

Eg nyttar klasseomgrepet, grupper verkar unaturleg.

Sosialt sett var det utfordringar kvar dag. Med gruppearbeid vart fridomen større og det vart meir opp til elevane å definera bruken av tida. Eg opplevde det som lærerikt, og ser i ettertid at det er viktig å definera kor mykje tid ein skal ha på dei ulike bolkane. Forl lange prosjekt kan føra til iver i starten, ein down på midten og “panikk” og pussing på slutten. Med fleire slike opplegg vil elevane kunna verta betre i å disponera tida på ein betre måte. I slutten av det siste prosektet laga me “kinoframsyning” og alle gruppene presenterte landa dei hadde fått utdelt. 3 timar pr. klasse, og me hadde ei hugnadsstund. Elevane var godt førebudde og det var kjekt å sjå kor dei hadde løyst oppgåva. Med “laboratorie” prosessen fekk eg koma inn på elevane på ein annan måte og kunna vera i deirekte dialog med dei heile tida. Det var enklare å rettleia og sjå den einskilde eleven og verta betre kjend med dei. Eg tenkjer dette kan ein gjera i oppstarten av nytt skuleår for å koma meir inn på elevane.

Eg skulle kanskje arbeidd meir med det sosiale. Det er viktig å røkta det sosiale miljøet i klassane. Eg såg at då det kom ein ny elev i ein av klassane, skulle me hatt eit opplegg for inkludering og integrasjon av vedkomande som var betre enn det me hadde. Eg var kanskje for oppteken av dei planane me hadde, men av og til stogga opp, ta ein tur ut, syngja eller gjera “ikkje faglege” er lure ting å gjera.

Tida var fantastisk og eg vaks i lærarolla. No føler eg meg meir klar for nye utfordringar i skulen og gler meg til praksis til neste år.

februar 16, 2009

Det er læraren som tel!

Arkivert under: PPU — trond remme @ 12:13 pm

I fylgje verdas største undersøking om læring – artikkel i BT 16.02.2009 – Undervisningens hellige gral, er konklusjonen  – Det mangler ikke på forklaringer om hva som er viktigst for god undervisning. Meningene er mange og forslagene kommer tett som hagl. Det meste er feil, skal vi tro professor John Hattie ved Universitetet i Auckland på New Zealand. Men Malin Tveit Husefest har helt rett.

I et gigantisk forskningsprosjekt peker John Hattie ut samspillet mellom elev og lærer som den desidert viktigste faktoren for læring. Skolepolitiske kjepphester fra høyre og venstre, som gruppestørrelser, skolemat, lekser, tester eller eliteklasser tillegger John Hattie minimal læringseffekt

Konklusjonen er at det som har mest innverknad på elevane si læring er læraren si evne til å fremje elevane sin kommunikasjon, samarbeid mellom lærar og elev samt eleven si sjølvevaluering.  Det er viktig at eleven veit kva dei kan og kva dei ikkje kan. Dette bør dei formidla til læraren, noko som krev tillit og tryggleik – seier undersøkinga.

Andre punktet er at læraren ikkje gjer arbeidet lett, men vanskelig for eleven. Dei skal ha noko å strekkje seg etter. Dei skal vita kva som er forventa av dei slik at dei kan heva seg til eit høgare nivå.

 

Eg ser i mi undervisning i praksisperiode at dette er moment som er viktige. Eg må kjenna elevane, snakka direkte til ei, få tilbakemelding og ta fatt i situasjonar som er ugreie for å rydda opp i det.

Elevane har prosjektarbeid  om anten Voss før og no eller Bergensbanen. I dette prosjektet har eg  freista å vera klar på mål, kva forventar eg av slutt-resultatet til gruppene, men eg har ikkje hatt mål for prosessen. Dette hadde kanskje teke gruppearbeidet over i nye dimensjonar?? Kanskje. Me diskuterte det, men kom til at det kunne ta for lang tid. Til ei anna gong hadde det vore artig å freista.

Eg her heldig som har øvingslærar som let meg diskutere vegen vidare, gjev meg tilbakemelding på om eg er tydeleg nok i høve kva som skjer og skal skje. Og ein ting eg definitivt har lært er at målet må gjentakast heile tida for at dei skal få det med seg. Her kan eg hjelpa dei ytterlegare.

I dag kom me til at elevane skulle evaluere gruppearbeidet med å skriva ein logg frå det som dei har vore med på. Det er bra. Kanskje skulle dette vore klarlagd tidlegare slik at dei i prosessen tenkte på at det skulle skje, men kanskje det og er greit at dei har ein ting å forhalda seg til i denne omgang og at melding om evaluering kjem i ettertid. Det gjenstår å sjå av resultatet korleis elevane har evlauert dette.

Eg ser at elevane har lært samarbeid, lært mykje om Voss, lært av kvarandre, lært av foreldra, lært å skriva, lært å formidla og eg har kunna vorten betre kjend med dei på ein heilt annan måte enn om det kun hadde vore klasseromsundervisning.

Eg trur at læraren tel og det er viktig å visa engasjement og interessa for det ein driv på med, både fagleg og sosialt. Men eg trur det er viktig med prøvar som evaluering og sjølvevaluering slik at ein får ein betre oversikt på kva ein kan og ikkje. Det er engasjementet rundt eleven som tel, det er eg einig i, det trengs ikkje mykje utstyr, men omtanke og at ein er synleg og tilgjengeleg som lærar.

februar 12, 2009

Halve del av fyrste praksisperiode er over

Arkivert under: E-læring, PPU — trond remme @ 9:20 am

Nu går alt så mykje betre. Eg har fått justert meg i høve tempo med timar og friminutt og alle detaljar rundt bestilling av utstyr, tilrettelegging og anna er på plass. Eg har gjennomført eit prosjekt med at elevane skal laga quiz med eit verkty – www.mystudiyo.com – der elevane er definert i grupper og dei skulle laga 3 spørsmål kvar frå pensum. Dei skulle og finna bilete som illustrerte spørsmåla dei har laga.

Eg har nytta meg av den didaktiske relasjonsmodellen for gjenomføring av timane og det fungerar bra. Det gjer arbeidet lettare med omsyn til alle dei einskildfaktorane som skal på plass for å få til god læring.

Dei største utfordringane er teknikk med omsyn til bruk av IKT som eg gjer mykje av i undervisninga.  Når me skulle prøva kvarandre sine quizar verka ikkje nettsidene, men eg hadde litt i bakhand og timen gjekk nokolunde. Då hadde me god læring om teknikk som ikkje fungerte.

Fyrste dagen i praksis er snart over

Arkivert under: PPU — trond remme @ 9:09 am

Praksis er i gang og eg er i god “drive” med historieundervisning i 8. klasse. Det er spanande å vera i praksis, og det er bra å ha ein øvingslærar å kvila seg på med omsyn til diskusjonar rundt opplegg og bruk av timar. Eg kasta meg rett ut i det, og ser at det er mykje førebuing, tilrettelegging og tankearbeid. Læreverket vårt er Underveis – laga av Gyldendal, som er eit bra læreverk med nett nok tekst, gode illustrasjonar og små tilleggssnuttar som er flotte å nytta.

Erfaringa etter 1 dag er – eg jabbar for mykje, let ikkje elevane få ro til ettertanke og kommentera det stoffet eg har vore gjennom. Norsk hstorie 1807-1814 er ikkje enkelt, mange detaljar. Kor mange av desse detaljane skal elevane kunna? Korleis legg eg fram stoffet? 

Stressnivået er høgt både på det falgege og sosiale i høve å kunna det eg skal, samt å takla situasjonar som oppstår i klassen mellom elevane.

Det er moro og eg får mykje energi med å vera i kontakt og dialog med elevane og øvingslærar. 

  • har dei skjønt pensum?
  • evaluering av stoffet som er gjennomgått
  • mykje å setje seg inn i av administrative saker – praktiske ordningar, timeplan, reservering av ressursar m.m.
  • kor tidleg skal eg vere ute med neste vekeplan
  • fungerer undervisninga sånn nokolune

januar 24, 2009

Står framføre 1. praksisperiode

Arkivert under: PPU — Merkelappar: — trond remme @ 11:40 am

Neste fredag brakar det laus. 8B På Voss ungdomsskule skal ha meg som praksislærar i 3 veker. Eg skal undervise i Historie, me nyttar verket Undervegs av Haralds Skjønsberg. Det ser ut til å vera eit bra læreverk. Me skal ta for oss tida frå 1814 – Europa på 1800 talet, industrielle revolusjon.

Eg har lyst å arbeida med lokalhistorie og vinkla Noreg og Voss inn mot at jordbruket endrar seg, industrialisering, folketalsauke m.m.

Eg vil nytta den didaktiske relasjonsmodellen i planlegginga av undervisninga.

Eg har lyst å trekkje inn gjesteforelsesar, men kanskje det ikkje let seg gjera om skulen ikkje har pengar? Eg vil nytta quiz både som eit prosjekt å arbeide med og som evaluering av det arbeidet som er gjort.

Vinklinga  på lokalhistorie er eg ikkje ferdig med, men eg vil leggja ut ein post når det er klart. Eg har tenkt på folketalsutvikling som parameter for auka levestandard. Ut frå dette kan ein sjå på mekanisering i landbruket og korleis dette kan hatt effekt på dødsratene og demografien i denne perioden. Eg har tenkt å visa filmen frå Havråtunet og sjå på gamle bilete kontra korleis det ser ut i dag. Jfr. undervisning om å nytta bilete i undervisninga.

Heildagsskulen – fjernar forskjelane?,

Arkivert under: PPU — Merkelappar:, — trond remme @ 11:12 am

I fylgje NRK viser ein ny rapport at ”lekser hjelper kun elever med høyt utdannede foreldre. Forskjellene i elevpresentasjonene er større i klasser som får hjemmelekser enn leksefrie klasser.”

Forsker ved Statistisk sentralbyrå Marte Rønning, har analysert undersøkelsen av 4000 barneskoleelever gjort av nederlandske skolemyndigheter. Rønning har sammenlignet skoleklasser der ingen elever får lekser, med skoleklasser der alle får lekser.

Konklusjonen er at lekser bedrer prestasjonene til elever med ressurssterke foreldre, men gir ingen effekt blant elever med mindre ressurssterke foreldre.

Dette funnet vert støtta av fleire rektorar i Noreg. Ein har ikkje tid til å koma gjennom alt pensum ein har i skuletida og må difor utvida tilbodet med leksehjelp slik at alt skulearbeidet føregår i skuletida. Med dette vil ein få med seg dei elevane som slit med leksene og som ikkje har ressurssterke foreldre som stør borna i skulearbeidet.

Eg tykkjer det er bra med lekser og at debatten bør dreia seg om korleis me som foreldre bør og skal forhalda oss til skulen. Opplæringslova paragraf 1.1. seier   ”Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring. ”

Dette gjev oss foreldre ansvar for oppæringa til ungane våre i samarbeid med skulen.

Eg trur dette kan verta pulverisert med at ein ikkje har lekser. Me får mindre oversikt, me får ikkje ta del i undervisninga i same mon og det vert overlete meir til skulen. Me må alle arbeide for at me som vaksne skal vera ressurssterke og me må stø kvarandre i at skule og utdanning er så viktig for eleven og samfunnet at me må strekkja oss langt for å gje verdiar om gode vanar og haldningar til skulen til våre framtidige vaksne.

Det er vanskeleg for aleineforsørgjande å fylgja opp i like stor grad som familiar med fleire vaksne, men det må allikavel ikkje fråta oss ansvaret for opplæringa. Me må prioritera skulen høgast og vera med på å regulera fritida slik at arbeidet med skulen vert prioritert.

SV føreslår heildagsskule

november 1, 2008

Bourdieu – kva var symbol kapital?

Arkivert under: PPU — Merkelappar: — trond remme @ 9:07 pm

 ”En hvilken som helst egenskap (hvilken som helst form for kapital; fysisk, økonomisk, kulturell, sosial) som oppfattes av sosiale aktører med persepsjons-kategorier som er slik at de er i stand til å kjenne den (til å oppfatte den) og til å anerkjenne den, til å gi den verdi.”

Bourdieu: Symbolsk makt (1996: 61)

Dette skjønar eg slik at ei viss sosial gruppe gjenkjenner og oppfattar symbolene, og gjev dei ein verdi.

oktober 9, 2008

Me bør senka skuldrane!

Arkivert under: PPU — trond remme @ 1:35 pm

I høve forrige nettsamling diskuterte me internasjonale prøver som PISA m.fl og Noreg sin dårlege score på dette. I debatten kom det fram frå ein av studentane som kjem frå Holland (trur eg) at me Nordmenn skal alltid vera best – me bør senka skuldrene og ta det meir med ro. Det kan hjelpe. Roar Engh seier noko om at grisen vert ikkje større om me veg den ofte. I alle fall tykkjer eg det er noko i at me treng ikkje alltid vera best. Gro H. Brundland sa i nyttårstala at det er “typisk norsk å vera god”. Kanskje me skulle endra det til at det er greit å vera typisk norsk. Krava til oss sjølve skal me ha, men at me i så stor grad skal lata oss styra av kva andre meiner me skal kunna er ikkje bra. Dette må me ha tryggleik på sjølve. Me bør dyrka eigenarten vår og vera meir oppteken av å finna dei gode løysingane på våre utfordringar på ein god måte. Kanskje må dei som er nærast eleven få meir å sei i høve kunnskapsutvikling, og lata skrivebordspedagogane ta seg av saker dei kan.

Lærarolla – didaktikk – læraren si makt i klasserommet

Arkivert under: PPU — trond remme @ 1:16 pm

Denne helga hadde me Lærarolla og vurdering på planen. Randi og Ragne hadde førelesing om desse tema.

Lærarolla:

Me snakka mykje om makt. Makt i vurderinga – me klassifiserer og set karakterar på elevar. Makt i høve personlege eigenskapar. me er maktpersonar i klasserommet og det skal me vera oss bevisst. Den rolla me har som lærarar ber me med oss og er ikkje noko me kan fri oss for på fritida. Me skal vera obs på språkbruk og framtoning. Me avslører oss i kroppspråket om me seier noko og gjer noko anna. Dette heng i hop og elevane er svært vare på det.

Me arbeidde med gruppearbeid – karakterar – for og i mot karakterar. konflikttilnærming – spanande

Me fekk ein gjennomgang på Mead sin speglingsteori – Individet utviklar seg i samspel med omgjevnadane – gjennom andre sine reaksjonar på eigne handlingar.

Gjennomgang av didaktikkens utvikling frå:

1. Kva – kvifor – korleis

2. Analyse av skulen si utvikling

3. Utviklingsorientering s didaktikk

september 24, 2008

Samling 18-19. september – Tilpassa opplæring

Arkivert under: PPU — Merkelappar:, , — trond remme @ 12:37 pm

Hilde Hofslundsengen tok oss inn i TPO verden. I fylgje Opplæringslova §1-2 skal opplæringa tilpassast evnene og føresetnaden hjå den einskilde eleven, lærlingen og lærekandidaten.

Alle må møtast ut frå dei forutsetningane dei har. Dette medfører differensiert undervisning.

NB: Rosenthalstudiet – 20% definert som gode – sjølvforsterkande

TPO svarar på elevens læring og læraren si tilrettelegging. Det inneber kanskje meir enn 1 plan pr. klasse?

DISKUSJON

I teorien skal læraren som har 29 elevar:

  • Kartleggja
  • Observera
  • Verta kjend med
  • Laga unike opplegg for den einskilde
  • Evaluera

I tillegg skal ein undervisa, vera kollega, bunden tid, møter, samarbeid, team, leiing, ubunden tid, utvikla seg sjølv, bidra i fellesskapet m.m.

Kan vera vanskeleg å få dette til å gå opp. Kven kan vera med på å definera den tida ein skal nytta? elevane er det som skal i sentrum og difor dei som skal prioriterast aller høgast.

« Nyare innleggEldre innlegg »

Tema: Silver is the New Black. Blogg på WordPress.com.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.